Veggar som kviskrar / Whispering Walls (2023), 33.03 min., 4K-video
Ei forteljing inspirert av Helene von Druskowitz (1856 – 1918) sine år på Heil und Pflegeanstalt Mauer Öhling i tidsrommet 1881-1918. Handlinga utspelar seg på ein husmannsplass i Hardanger. (Storeteigen). Innanfor husets fire veggar prøver ein kvinnefigur å orientere seg og finne meining med tilvære. Ho prøvar å få fyr på ein røyk, kommunisere med fuglar og jage vekk ubodne gjestar. Tematisk handlar det om kva isolasjon kan gjere med eit menneskje, og korleis ein prøver å orientere seg i ukjende omgjevnader. Veggar som kviskrar er ein av fleire filmar i prosjektet Av Helene (2017-2023), som tar utgangspunkt i Helene von Druskowitz' levetid, livsverk og omstendigheter. Von Druskowitz vaks opp i Wien i ein velståande familie og disputerte i filosofi i 1878 i Zürich, som den andre kvinna i Europa. Von Druskowitz var med og grunnlegge fleire kvinnetidsskrift og skreiv kritisk om både religion, sexisme og Nietzsche sin filosofi. Helene la heller ikkje skjul på ei ulukkeleg kjærleikshistorie til operasongarinna Therese Malten (Therese Müller, 1855-1930). Etter mykje motgang i liv og virke vart ho innlagd på pleieheim i 1891, der ho budde dei siste 27 åra av livet, fremst på Mauer Öhling Heil und Pflege Anstalt i Amstetten samt periodar på Wiener städtischen Heil- und Pflege Anstalt in Ybbs an der Donau. Det siste ho publiserte var den radikale teksten «Pessimistiske kardinalsetningar: Vademekum for dei friaste ånder» i 1905. Der tek ho tek eit rasande oppgjer med mannen, religionen og heile kulturen og leverer ei skisse til ei alternativ verdsordning. På grunn av denne teksten måtte von Druskowitz skrive ei erklæring om at ho ikkje kom til å publisere igjen. Foto: Stillbilder frå video |