T:myra (2025), 17:08 min. Videoinstallasjon 4K video
Prosjektet «Torvmyra» tek utgangspunkt i eit våtmarksområde i utkanten av garden Steinavågen i Kinn kommune. Opptaka til videoen er gjort både over og under vatn. «T:myra» er ein video der bilder, lyd og tekstar går i kvarandre med fleire forteljarstemmer. Våtmarker er levande eksistensar, kroppar som er både liv og død, både vertikale og horisontale, beint fram levande arkiv over eit stykke tid. Dei er eit økosystem i eit økosystem som rommar sameksistens mellom ulike livsformer. Eg har teke utgangspunkt i staden og nærma meg den våte og rørlege myra gjennom å føye saman ulike posisjonar og blikk. Kven er det som (s)er? Dyr, fuglar, torvhytta, skogen, steinen, menneskja, teknologien, eg? Eg er inspirert av posthumanistisk tankegods der ein ytrar seg kritisk til at den såkalla menneskelege autonomien skal vere premissleverandør for haldningar og levesett, og forhandlar ei endring i dette perspektivet mot ein meir inkluderande sameksistens. Denne tenkinga ser utover førestillinga om eit universelt menneske og held fast på ei mindre hierarkisk tilnærming til korleis eit mangfald av artar, kroppar, økosystem og teknologiar står i relasjon til kvarandre. Med klimakrisa som bakgrunn insisterer forskaren Donna J. Haraway på at det er naudsynt å i tanken og fantasien øve seg på og gå på vitjing til dei ukjende, dei andre. Verdien av å vere nyfiken, ynskje det uventa velkommen, byrje viktige samtalar, å møte og ta ansvar for det som vi på ulike måtar møter i våre liv. Haraway er inspirert av Hanna Arendt og Virginia Wolff og argumenterer for at vi treng å trene førestellingsevna vår for å kunne respondere og bry oss om eksistensar som ikkje liknar på oss sjølve. Eit spørsmål blir då kva slags konsekvensar som kan kome av å nærme seg Torvmyra, og kva det inneber å ta staden si forteljing og dei ein møter på alvor når ein oppsøkjer avsidesliggande plassar i landskapet. Dokumentasjon kjem! Foto: Stillbide frå videoen. Prosjektet er støtta av Kulturrådet, Billedkunstnernes Vederlagsfond, Bildende Kunstneres Hjelpefond |